KNM «Tyr»
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Nemnde manglar: Faktaboksen må omskrives |
KNM «Tyr» (Ex. MS «Standby Master») er eit minekontrollfartøy. Hovudoppgåvene er utlegging, opptaking og vedlikehald av kontrollerbare minefelt langs kysten. Fartøyet vart bygd ved Voldnes Skipsverft i Ålesund i 1981. Fartøyet segla som standbyfartøy i Nordsjøen. Fartøyet vart kjøpt av Sjøforsvaret i 1993. Skipet vart bygd om og modernisert ved Mjellem & Karlsen i Bergen. Fartøyet fekk mellom anna installert dynamisk posisjoneringsutstyr og miniubåt (ROV). Kommando vart heist om bord fyrste gong 7. mars 1995. KNM «Tyr» høyrer til Minekrigsflotiljen og er stasjonert på Haakonsvern Orlogsstasjon i Bergen.
Fartøyet har mykje utstyr som gjer det brukande til mange forskjellige oppdrag. I tillegg til Sjøforsvaret vert skipet nytta av m. a. Tollvesenet, Politiet, Statens ureiningstilsyn, Havforskingsinstituttet og Forsvarets forskingsinstitutt.
Fartøyet kan nyttast til torpedoopphenting, utlegg og opphenting av uavhengige minesystem, vrakleiting og -filming, filming og kartlegging av havbotnen, inspeksjon og filming av undervassinstalasjonar, nøyaktig posisjonering og utplassering av utstyr som skal nyttast på havbotnen, søk etter sakna gjenstandar og personar, større redningsoperasjonar på overflata, slep, løft på 9 tonn, frakt av større gjenstandar og assistanse til andre fartøy i samband med brann, havari og liknande.
Fakta:
Bemanning: 7 offiserar, 3 matrosar (verva) og 10 vernepliktige mannskaper.
Hoveddimensjonar:
Deplasement: 550 tonn (lett) og 735 tonn (fullasta)
Lengde: 42.5 meter
Breidde: 10 meter
Største djuptgåande: 5.8 meter
Høgde: 20.5 meter
Fart: 12 knop
Lastekapasitet: ca 80 tonn
Hjelpebåtar:
Mann over bord båt (MOB)(Ufas Sjøbjørn 25)
Dykkarkapasitet:
Fartøyet har to vernepliktige skipsdykkarar og er utstyrt for dykkaroperasjonar til ei maksimal operasjonsdjupne på 30 meter. Fartøyet har undervasstelefon og dykkarsamband.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Heimesida til KNM «Tyr» Arkivert 2005-11-11 ved Wayback Machine.